Babysymjing 2-6 mnd. Tysdag(12.30-13.00)
Kurset går over 30 minutt i velverebassenget. Prisen er for 10 gongar.
Tilgjengelige plasser
Tjenestebeskrivelse
KVAR TYSDAG: Kurset går ut på enkle pedagogiske øvingar med song og leik, som brukast for at barnet skal bli kjend med vatnet. Å bevege seg i vatn er gunstig for barnet si kroppskjensle, motorikk og balanse. Her kan barnet bevege armar og bein på ein anna måte enn når det til dømes ligg på golvet. Mange musklar aktiviserast og barnet får mange nye sanseopplevingar. Kurshaldar er spesialutdanna innan babysymjing. Det er viktig å ta seg god tid til kurset, då dette skal vere ein bedageleg aktivitet for barn og foreldre. Dette er sosialt, og ein flott aktivitet for barna å lære og bli glade og trygge i vatn. Kurset går over 30 minutt i velverebassenget, og gruppene er delt inn i 2-6 og 7-15 månedar. (Bornet må vere minst 4 kg ved oppstart) Her kan begge foreldra bli med, men dessverre ikkje sysken o.l. Pris: 1850 kr,- for 10 gongar.
Kommende økter
Kontaktinformasjon
+47 70 08 05 70
post@sunnmorsbadet.no
Lisjebøvegen 10B, Fosnavåg, Norge